Type: Batian
Land/Område: El Salvador
Smakar: Saftig med smak av steinfrukt, krydder og tørka mango
Prosess: Vaska
Om kaffien:
Finca San Francisco er ein stor gard på 294 hektar som ligg rundt Santa Ana-vulkanen🌋 i El Salvador. Høgder på 1200-1700 moh.
For å forbetra kvaliteten fokuserer dei på å skilja ut kaffibønnene basert på høyde, kvalitetspotensial og vekstforhold.
For å gjera dette skil dei små gardane og områda på kvar gard kalla ”Tablones”.
Same prinsipp som med vindruer.
Me har kjøpt eit lite parti kaffi frå eit av dei beste områda med ein vaska Batian. Normalt kjem kaffibønner i sekker på 60-70 kg. Denne kjem i 30kg pga eksklusiv kaffi.
Dette blir ein Luksuskaffi frå Jæren Kaffi Glede. Kaffien er søt og har smakar som mørke kirsebær, mjuk og rik med god munnfølelse og intensitet.
Grunnen for me valde denne er pga fokuset på bærekraft og samfunnsansvar:
* 60% av produksjonen deira er regnskogsertifisert.
* Dei tilbyr betre lønn for plukkarane, og lærer bort god miljøpraksis i plukkinga.
* Dei tilbyr arbeidstryggingsutdanning
* Helsehjelp for arbeidarar gjennom legar som besøkjer gardane, pluss at dei betaler dei lokale klinikkane for medisinsk behandling av arbeidarane sine
190,00 kr