Type: Catuai
Land/Område: Honduras, Marcala
Smakar: Lyse raude frukter og god balanse. Frukter som druer og hint av mjølke sjokolade.
Prosess: Anaerob bærtørka
Om kaffien:
Her har kaffiplantene ei leiraktig jord, og hovudkultivaren deira er Catuai. Dei dyrkar også andre variantar som Java, Pacamara og Geisha. Områda gardane ligg i har generelt våte og vindfulle forhold. Det er ei blanding av flate platå og skråningar, med moderate til bratte skråningar.
Alt dei gjer på gardane deira blir dokumenterte. Dei investerer mykje tid og ressursar i nytt utstyr og planting av nye variantar, noko som til slutt forbetrar kvaliteten på kaffien deira. Dei har alltid fokusert på kvalitet, noko som gav dei 3. plass i den årlege SCAA «Coffee Of The Year» konkurransen i 2010. Dei har også gjort det bra i Cup of Excellence i fleire år, som ein av dei få produsentane frå dette området.
170,00 kr – 420,00 krPrisområde: 170,00 kr til 420,00 kr















